Vinterdag på golfbanen🌱
Nokre bilde frå ein fin rundtur på golfbanen… i midten av januar!🏌️♂️🌱 Det har vel aldri skjedd tidligare at golfbanen ser slik ut midtvinters, og alle unntatt me som likar å gå på ski utpå Lønavatnet på denne årstida er vel strålande fornøyd med situasjonen; grønt og fint i lavlandet, og masse snø på fjellet🌱⛷ Det ovar ihvertfall godt for Ski & Golf NM 2020, som i år er planlagt til helga 8-10.mai🏌️♂️⛷🏌️♀️
Ellers så har me i det nye året fått to nye samarbeidspartnerar; Avisa Hordaland som ny sponsor på driving range, og Westcon Løfteteknikk AS, som ny hovedsponsor, og holsponsor på hol 2 nedanfor. Eit stort takk, og velkommen til begge!💐
Så nyt bilda av den flotte golfbanen i ei litt original vinterdrakt, og velkommen alle medlemmer og gjestespelarar til det som tegnar til å bli ein strålande flott golfsesong 2020!🏌️♂️🏌️♀️