Sosial foursome turnering 22.februar

Ny sosial turnering på simulatorane og denne gongen var det foursome som gjaldt. Det vart spelt over fleire omgangar og alle para fekk minst 15 hol å spela over to innleiande rundar. I tillegg vart det spela både semifinalar, finale samt bronsefinale. Dette er bra med tanke på at det var heile 23 deltakarar denne kvelden. Gode grillpølser i brød var turneringskosten og fall godt i smak hjå dei fleste.

Sigeren denne gongen var det Oddvar Nilsen og Glenn Hovland som stakk av med etter heile 15 poeng på 6 hol i finalen. Det er bra! Nr 2 vart Jonny Merkesdal og Victoria Sletten som spelte særs overbevisande fram til finalen, men her vart det berre 7 poeng. Bronsematchen vart særs spanande, men til slutt drog Steinar Ure og Olav Nilsen det heim med 13 poeng mot Thomas Østvik og Thomas Sibbern sine 12.

Ein veldig kjekk kveld med mange deltakar og også god steming blant dei som vart slått tidlig og satt og såg på Viktor Hovland sin 8 under par runde på Puerto Rico. Neste sosiale turnering er 21.mars og då håper vi like mange tek turen til ein kjekk kveld på Nedkvitne.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no