Turneringar Voss Golf🏆

Golf er kjekt, og for stadig fleire vert golfturneringar det kjekkaste som fins!🏌️‍♀️ Superrunden, med resultat frå siste runde HER,  har sidan sesongstart hatt rekord deltaking på grensa til dei maksimum 36 deltakarane me kan håndtere.🏌️‍♂️ Belka Golf Nordic Open 2020 den 30.mai vart fullbooka fleire veker i forkant, med den begrensningen me hadde på 50 deltakarar, men etter dei siste endra restriksjonane frå myndighetene har me no kunna øka antallet til 68 deltakarar. Det er first come first serve for dei siste plassane, så vil du vera med så melder du deg på HER så snart du kan. 

Neste store turnering hjå oss er Nordens største golfturnering; Golfheftet Trophy 26.juli, som me i fleire år har jobba med å få til Voss. Informasjon om turneringen på Voss, og påmelding i Golfbox HER.🏆

Dette er ein turnering med masse show, deltakarpakker og store premiar, som me er sikre på vil bli veldig populær blant både medlemmer og gjestespelarar! Me håpar at begrensningen på maksimum 50 deltakarar er fjerna innan den tid, men me vil anbefale alle som ynskjer å delta om å melda seg på så snart som mulig, og ikkje venta til nokre dagar før, og tru det går bra. Det er dei første som er garantert å få delta, så hvis det er det du ønsker så er tida for å melda seg på akkurat NO!🏌️‍♀️🏌️‍♂️

Ellers har me nå bestemt Åpningsturnering 2020 neste helg; 23.mai, og ser fram til ein hyggelig uformell turnering for medlemmer og gjester, og gjerne også nye medlemmer som har fullført VTG kurs no i vår. For meir informasjon og påmelding, gå inn i Golfbox HER.

Velkommen til ein strålande golf- og turneringssesong på Voss Golf!🏆🎉

Helge 14/5-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no