Glimrande start for seniorane i årets Lagserie

NSG Lagserie Match 2020 er i gang og vossingane har fått ein glimrande start med to sigrar. Fyrst kan ein jo forklare konseptet med match-play og det er at to spelarar frå kvart lag spelar mot kvarandre og den med best score på holet vinn. Uavgjort om samme score. Om ein spelar på laget vinn sin match (over 9 hol) får laget 1 poeng. Om det blir uavgjort får begge lag 0,5 poeng. Det vert spelt 8 matchar i kvar kamp i lagserien. I fyrste kamp i år var det Sotra som fekk bank med 5-2 den 22.mai. Resultat frå denne matchen ligg under.

 

 

I andre kamp venta Bjørnafjorden på bortebane den 29.mai og også her var vossingane i slag og vann 4,5 mot 2,5. Resultat frå kvar match ser du her under.

 

Dette fører jo sjølvagt Voss GK opp på toppen av tabellen etter 2 matchar. Du kan også sjå terminlista nederst og følgje denne linken om du vil vite resultatet av matchane tidlegare enn kva me klarer å få lagt den ut. Norsk Senior Golf Lagserie. Til slutt må me nemne at vinnaren av kvar lagserie vert kvalifisert til landsfinalen. Der var vossingane med i fjor og HER kan du lese eit samandrag av korleis det gjekk.

 

Tabell etter 2 kampar:

 

Terminliste:

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no