To nye sigrar for seniorane i Lagserien

Tirsdag og onsdag denne veka spela seniorane til Voss Golfklubb to nye matchar i Lagserien 2020. På ny klinka ein til med to sigrar og står difor med fire sigrar på fire forsøk i avdelinga si. Seniorane er difor på god veg mot ein ny landsfinale.

Tirsdag var det «heimekamp mot Fana (bilete over av begge laga). Her tok Torkjell, Hallstein, Finn og Nils Bjarne ein fin 4,5 mot 2,5 siger over bergenesarane. Resultat frå kvar kamp ser du her:

Finn slappar av i bilen før kampen mot Fana

Onsdag formiddag var det klar for ein ny match og denne gongen var det Malvin, Oddvar Jansen, Kjell G Lund og Geirr som tok turen til Sotra. Igjen var vossingane i upåklageleg form og strilane måtte gje tapt med 2,3 mot 4,8. Resultata frå kvar match kan de sjå under bilete av dei fire karane som var på Sotra.

Laget mot Sotra
Som de ser så har golbox ikkje fått med seg at det var Geirr og ikkje Ingrid som spelte match på Sotra 🙂

Dermed har no Voss Golfklubb fire sigrar på rad og stø kurs mot siger i si avdeling. Datoane for dei neste matchane er litt usikre då ein ikkje alltid føl terminlista, men me kjem tilbake med meir info om seniorane når dei har spelt match. Lykke til vidare!

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no