Senior weekend, og endelig regn!

Etter vekesvis med nådeløst steikande sol kom endelig regnet! Uheldigvis på siste dag av NSG weekend, men med 30-40 års golferfaring så takla nok deltakarane litt fuktighet frå oven. God oppslutning, med 35-40 deltakarar begge dagar, og resultatene frå turneringen er som vanlig lagt ut under Resultatlister.

Nedenfor litt bilde frå ei flott helg, og ein nydelig golfbane som trengte litt fuktighet. Værvarselet utover i veka er strålande, så for dei som har anledning så er det perfekte dagar å få seg ein runde på ein frisk og fin golfbane no på vekedagane, før det brakar løs med både fullt opp med gjestespelarar og mange påmeldte til Region Tour til helga.

Velkommen til golf på Voss!🏌️‍♀️🏌️‍♂️😎

Helge 21/6-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no