Narvesen Tour og Golfheftet Trophy🏆

I tillegg til aktivitetane på heimebane i helga så var også fleire medlemmer på reise til turneringar i distriktet, med mange gode resultat.

På Herdla deltok Ingeborg Hovland i årets første Narvesen Tour, etter tidligare avlysninger grunna Corona, og stakk her av med klasseseier. Målet er samanlagt seier i klassen, noko som vil kvalifisera ho til å delta i den nasjonale eliteturneringen Srixon Tour i september. Neste Narvesen Tour er på Voss 2.august, og vi håpar på god påmelding til det som har blitt ei tradisjonell junior helg, kor heile familien er med til Voss for golf og sosialt samvær. Påmelding til turneringen i Golfbox HER.

 


I Bjørnefjorden deltok Rune Antonsen og Matthew Doms i Golfheftet Trophy 2020, og tok her ein solid andreplass, kor premien var eit golfopphold for 2 personar på Hotel Golf Chateau de Chailly i Paris!

Golfheftet Trophy er Nordens største golfturnering med fantastiske premiar, og kjem til Voss Golf 26.juli. Vinnaren på Voss går vidare til finalen som blir avholdt på Bro Hof Slott GK i 2021. Vi håpar her på god påmelding fra både medlemmer og gjester fra våre naboklubbar. Meir informasjon og påmelding til Golfheftet Trophy 2020 på Voss i Golfbox.

Vi gratulerer Ingeborg, Rune og Matthew med resultatene, og gleder oss til tilsvarande arrangement på Voss seinare på sommaren!

Helge, 23/6-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no