Resultat og bilder frå vårens siste Superrunde🏆

Då var den åttande Superrunden i vår historie, og for ei avslutning det vart! Ikkje minst må me begynne med det fantastiske oppmøte. Heile 44 spelarar denne runden og i klasse B var det heile 20 spelarar. Nydeleg vær må me også nemna før me kjem til det alle ventar på og det er kven som vann årets Superrunde.

Etter ein flott 3.plass med 4 under par i dag var det ingen ringare enn Glenn Ove Hovland som gjekk til topps i vårens Superrunde. Han fekk 105 poeng og slo dermed dotter Ingeborg med 4 poeng og Silje Svartveit med 5 poeng. Hovlandane brillierer både i PGA og på Voss Golfklubb om dagen 🙂 Dei glade vinnarane ser de på bilete over.

Dagens flotte avslutning vart vunne av Sunniva Horvei som gjekk ein kjemperunde på heile 7 slag under par. Ho vann då også sjølvsagt klasse C. På andreplass i dag kom Paul Amundsen med -5. Han vann med dette klasse B. På tredjeplass kom Thomas Østvik (vinnar klasse A) og tidlegare nemnte Glenn Ove Hovland på -4. Klasse E vart vunnen av Kjetil Brusveen og Hanne Lin Øvsthus på +1. Resultat frå dagen i dag og samanlagt finn de nedenfor, og heilt til slutt nokre flotte bilde tatt av Anna på ein strålande fin avslutning av vårsesongen i Supercupen. Velkommen tilbake etter sommarpausen!

Samanlagt etter 8 rundar:

 

Klasse A

 

Klasse B:

 

Klasse C:

 

Klasse E:

Helge, 24/6-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no