Resultat Region Tour Vestland 27.-28. juni

Laurdag og søndag denne veka var det regiontour turnering på Voss. Heile 47 deltakarar spela då to rundar frå tee 62, der samla resultat frå desse to dagane var det som avgjorde kven som vann.

Nils Gunnar Holemark frå Bjørnafjorden GK trekte det lengste strået med 11 over par, berre eitt slag framfor Adrian Augustin Sletten frå Bergen GK som då hadde 12 slag over par. André Ulvenes Kleppe frå Sotra GK tok tredjeplassen med 14 over par. Dei tre herrane kan de sjå på bilete over. Fullstendig resutlatliste for alle dei 47 deltakarar nedenfor.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no