Lag NM junior, Bærum GK

Ingeborg Hovland var med på Lag NM for junior forrige veke på Bærum golfklubb, Ingeborg spelte på lag med Julie Ulvenes Kleppe frå Sotra med pappa Ørjan Kleppe som kaptein. Det var totalt 6 lag med i 1. divisjon 13-19 år.

Onsdag var det innspel i elendig vær, regn og vind gjorde at da vart ein lang og litt seig dag ute på banen. Dei kom igjennom etter fleire timar på ein tung og vanskelig bane, men slik må det vera når det er Norgesmesterskap. Målet for NM for Sotra/Voss Golfklubb var å ha det kjekkast av alle og skaffe seg nyttig erfaring til seinare. Kjenne litt på nivået. Laget hadde høgast handicap av dei som var med så noko resultatmål hadde dei ikkje.

Torsdag var første speledag med ein runde foursome først og fourball litt seinare på dagen. Regn og vind var bytta ut med sol og flotte speleforhold. Jentene spelte veldig bra og etter dag 1 med golf var dei kun 4 slag bak Losby golfklubb på 4. plass. Ingeborg var veldig fornøyd med dag 1, ho spelte god golf og samarbeidet med Julie var prima. Kjekk dag på jobb. 😉 
Fredag var det klart for single spel i strålande vær sol, sol, sol. Her fekk ikkje jentene gå ilag så no måtte dei stå på eigne bein. Ingeborg spelte ein ok runde, starta heilt greitt, men fekk da litt mot slutten av runden.  Ingeborg var ikkje heilt fornøyd når ho var ferdig, men det tok ikkje lang tid før smilet var tilbake. 😃 
Alt i alt ein flott gjennomført turnering av jentene som enda på ein flott 5. plass, Ingeborg er glad for at ho vart med og har fått god erfaring/rutine til kommande turneringa. Ingeborg oppsummerte da ganske greitt, «da har vært fantastisk moro lell om da kom nokre stygge ord innimellom»😉
Me må takka Sotra golfklubb for samarbeidet, spesielt Julie og pappen Ørjan Kleppe som losa jentene trygt igjennom turneringa👍🏌️‍♂️

Glenn, 12/8-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no