Resultat VM Seimen Open 2020 (individuelt)

Ny dag med Vossameisterskap og ny moglegheiter. Carl van den Boom og Matthew Peter Doms som vann parkonkurransen i går er i kanonform og vann sine klassar soleklart i dag også. Carl vann klasse 1 der det var bruttoslag frå tee 62 for menn og tee 52 for kvinner. Dette er klassen for dei med hcp under 15.0. Her spelte han ein runde på 82 slag som er veldig bra. Næraste utfordrar var Ivar Arnesen frå Kvinnherad som spelte på 93 slag. I klasse A til C var det slaggolf ut i frå handicap. Menn frå tee 58 og kvinner frå tee 46. I klasse A var Matthew heilt overlegen med heile -12. Her blir det nedspeling i hcp 😉 I klasse B vann Ingeborg Hovland med -2 og i klasse C var det Gunvor Hernes som vann på +4. Over 40 spelarar var med i dag også. Resultat for alle klassar føl under og bilde av dagens vinnarar ser de over.

 

Klasse 1 (bruttoslag, hcp +8-15.0)

 

Klasse A (slaggolf, hcp 15.1-25.0)

 

Klasse B (slaggolf, hcp 25.1-36.0)

 

Klasse C (slaggolf, hcp 36.1-54)

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no