
Seimen Open i ord og bilder⛳️😎
Så var ei fantastisk helg med Vossamesterskapet Seimen Open 2020 over, og for ei helg det vart!🏌️♀️😎 Strålande sol frå skyfri himmel, masse godt spel, glade folk, flotte premiar, og fullt liv på terrassen inntil lovene bestemte at kranene måtte stengast🏌️♂️🍻🎉
Det var i år over 40 deltakarar begge dagar, og det var spesielt våre nye medlemmer som til alle tider er å sjå på treningsområdet som utmerka seg med fantastisk godt spel🏌️♂️👍 Bilde av klasse vinnarane og øvrige premierte både øverst og nedenfor🏆 Fullstendige resultatlister med kommentarar finn du som vanlig på våre Resultatsider🥇🥈🥉
Gratulerer til vinnarane og alle andre deltakarar som var med på å skapa ei fantastisk helg🏌️♀️⛳️ Og ikkje minst; Tusen takk til vår gode sponsor Byggvarehuset Seimen AS, som med sitt bidrag med flotte premiar har gjort denne helga til ein tradisjon som me håpar vil fortsetta i åra framover!🏌️♂️
Det er nå også inngått avtale med Seimen AS, så medlemmer i Voss Golfklubb får prisar som til vanlig kun vert gitt storkundar, i tillegg til at klubben får eit bidrag frå alle kjøp👍 Så nå er det ein endå større fordel for alle partar at me gjer innkjøpa hjå våre sponsorar!⛳️
Nedanfor «litt» fleire bilde frå ei fantastisk helg, så då er det berre å ønska velkommen tilbake til Vossamesterskapet Seimen Open neste år, og før det; til mykje kjekt spel på den flotte golfbanen vår utover hausten⛳️ Velkommen til golf på Voss!🏌️♀️🏔🏌️♂️
Helge, 17/8-20