Resultat Klubb- meisterskap 2020

Då var tida komen for å kåre årets klubbmeistrar. Det vart ei våt helg for mange, men seks meistrar fekk me til slutt. I to av klassane, A-Herre og B-Dame, vart det spela heile 54 hol. Her var det slagspel og best av alle herrane vart Carl van den Boom på +33. Alvar Fjellanger vart nummer to med +43. I dameklassen var det berre to deltakarar, men her var det svært jamnt. Randi Østvik på +79 vann med berre to slag på Maria Vestrheim.

I klasse C-Senior Herre, der det vart spelt 36 hol, var Terje Vethe best på +29. Ein ganske klar siger då det var heile 16 slag bak til Tore-André Skjervheim. I klasse D-Senior Dame var Kirsten Hauge Rogne klart best på +59. Ingrid Laurhammer Fagnastøl fulgte bak på +82.

Ingeborg Hovland var åleine i klasse E-Junior Dame og fekk til to fine rundar på tilsaman 61 over par. I stablefordkonkurransen vart det svært jamnt og Glenn Ove Hovland tok sigeren berre eitt lite poeng framfor Sondre M Hovland.

Nedanfor følger resultatliste for alle klassar:

Klasse A:

 

Klasse B:

 

Klasse C:

 

Klasse D:

 

Klasse F:

 

Klasse Stableford:

Nedanfor litt fleire bilde av ein frisk gjeng i årets klubbmesterskap. Gratulerer med prestasjonen til alle og ein!🏌️‍♀️🏆🏌️‍♂️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no