Superrunde 5, resultat og litt til🏆

Me er no litt over halvegs i haustens Superrunde og på onsdagens runde var det Geirr Fagnastøl som tok ein overbevisande siger med heile 5 under par. Han vann då også klasse A. På andreplass kom Oddvar Martin Jansen på -3 og han vann med dette klasse B. I klasse C var Silje Svartveit og Solveig Kristiansen like gode på -2 og i klasse C var Kjetil Brusveen sterkast på -2. Alle desse siste delte då tredjeplassen i lag med Arne Seim som også hadde -2. Poserande klassevinnarar her:

Med andre i ord veldig gode scorar på fleire denne kvelden. 30 spelarar deltok, og resultatene følger nedenfor, i lag med samanlagtlista etter 5 rundar av Superrunden.

Klasse A:

Klasse B:

Klasse C:

Klasse E:

 

Samanlagt resultat etter 5 rundar:

Nedanfor litt fleire bilder frå ein fin Superrunde, som alltid er ein flott kombinasjon av konkurranse, og sosialt samvær🏌️‍♀️🏌️‍♂️

Men akkurat i dag vil me gi litt ekstra honnør til ein skikkelig veteran i klubben; Jon Grevle, som etter nokre års pause frå Superrunden igjen var med i turneringen🏌️‍♂️👍

Vanligvis ser me han med frukost golfarane kvar mandag og torsdag morgon, i full vigør med å rydda opp i både skrot og nedslagsmerke etter oss andre, så det var veldig kjekt å ha Jon med i Superrunden igjen!🏌️‍♂️👍 Her slo han til med hederlig resultat og dagens closest to pin, så gratulerer med resultatet, og takk for innsatsen gjennom mange år Jon!🙏🏆😊

Helge, 2/9-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no