Smalahove-golf 2021🏌️♀️🐏🍻
Like sikkert som at sauene kjem ned frå fjellet, arrangerer Voss Golfklubb lørdag 25.september den årlige Smalahovegolfen!🏌️♀️🐑 Det vert golf om dagen, etterfulgt av ein skikkelig heidundrande smalahovefest på kvelden, med nykokte smalahove med tilbehør direkte frå Smalahovetunet på andre sida av vatnet🐑🍻🎉
For dei av dykk som er tilreisande så anbefaler vi dei gode overnattings tilboda de finn under «Overnatting», enten de ønsker bubil, hytte eller hotell🏨
Første tee off – kl.1230
Smalahovemiddag – kl.1900
Ein kan spela 18 hull i forskjellige klasser, eller ein 9 hulls runde Stabelford. Ytterligere informasjon og påmelding til golf turneringen finn de som vanlig i GolfBox HER🏌️♂️⛳️
For de som ikkje vil spela golf, men likevel vil vera med på ein skikkelig smalahovemiddag og ein god fest med kjekke folk, så kan de melda dykk på til Nils Bjarne tlf 911 50592, eller mail nilsbjarnehommedal@yahoo.no. Pris for kun smalahovemiddag utan spel er kr.400,-.
Så gjenstår det berre å håpa på like fint vær som på desse mimrebilda frå fjorårets turnering, og ønska velkommen til ein kjekk Smalahovegolf 2021, med eller uten golfkøller!🏌️♀️🐏🍻