Resultat Superrunde 7 Haust

Årets nest siste Superrunde gav oss fint vær, mange deltakarar og mange gode scorar. Øvst denne gongen kom Finn Rasmussen og Magne Almeland på -4. Begge spela i klasse B og Finn vart klassevinnar på lågast handicap. Etter desse to fulgte Marius L. Almeland og Sunniva Horvei på -2. Dei vann då henholdsvis klasse A og klasse C. I klasse E var det også ein vinnar som gjekk under par, nemleg Jan Morten Høylo som kom seg inn på -1. Bilete av dei glade klassevinnarane finn du under resultat.

Med berre ein runde igjen er det også viktig å komme inn på samanlagtlista. Kjetil Brusveen har festa eit solid grep om 1.plassen med 134 poeng og det skal vel gå jamnt gale på siste turnering om han ikkje skal halde seg der. Terje Vethe som føl nermast er 20 poeng bak, mens Ove Magne Straume og Nils Bjarne Hommedal ligg 10 poeng bak der igjen. Liste på topp 25 finn du under resultata for dagens turnering.

 

Klasse A:

 

Klasse B:

 

Klasse C:

 

Klasse E:

 

Samanlagt etter 7 av 8 rundar:

 

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no