
Simulator åpning🏌️♀️🏌️♂️
Golf sesongen går sakte mot slutten, og me har i år ein mjuk overgang til innesesongen, ved at golfsimulatorane allerede no er klare for bruk for dei som kjøper simulator medlemskap. Og no med ny prosjektor, så begge simulatorer er i strålande god stand!
For tegning av medlemskap med fritt spel er prisen kr.2.500,- for medlem og kr.1.100,- for ektefelle / sambuer.
Junior medlemmer har gratis simulator medlemskap, men skal ha følge av vaksen person/foresatt ved spel i simulatorane.
Simulator medlemskap vert tegna ved å betala til konto 3480.11.31699, merka «Golfsimulator», og senda melding om dette til tlf 907 24977, slik at medlemskapet vert oppdatert i Golfbox.
Spelarar som ikkje har fritt spel i simulatorane betaler kr.240,- pr time for ein simulator, og fordeler prisen seg imellom som vist nedanfor eksempel. Betaling i GolfBox automat eller på Vipps.
For A medlemmer i Voss Golfklubb ligg kode for å låsa seg inn i klubbhuset under «Klubbnyheter» i menyen til venstre når du loggar inn i GolfBox. Øvrige bes ringa Gaute på tlf 907 24977 for kode.
Samtlige som speler i simulatorane skal vera registrert i GolfBox, og hugs; Grundig vask av sko og køller, og kun nye reine golfballer ved spel i simulatorane!
Helge, 22/9-20