Golf Nordic Open

Med gode smittevernstiltak vart årets største turnering sålangt arrangert denne helga. Heile 66 spelarar, der rundt halvparten var frå andre klubbar enn Voss Golfklubb, deltok. Dette var ei parturnering der ein spela fourball med 75% av sin hcp. Det vil seie at beste scoren på kvart hol til paret vert registrert som resultat. Dette var det fleire lag som meistra godt og scorane var imponerande låge. Alle best var årdalduoen Tobias Gloppen og Alexadner Nundal. Dei gjekk heile 11 slag under sitt handicap. Dermed tok dei med seg den gjeve fyrsteplassen som var to gåvekort på henholdsvis 3500 kr kvar hjå Golf Nordic. Den forsmedlige andreplassen gjekk til Frode Erik Johannesen (Bergen Gk) og Willy Tveit (Fana Gk). Dei var berre eit lite slag bak vinnarane. Full resultatliste føl under og dersom du vil inn og sjekke holscoren til dei forskjellige laga kan du klikke HER.

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no