VM – Seimen Open singel-turnering

Då var det klart for søndagen i vossameisterskapshelga og då singelturneringa. Det vart konkurrert i fire klassar og det var 35 deltakarar. I klasse 0 var det Jonny Merkesdal som tok heim sigeren med ein runde på 77 og berre 5 slag over banens par, tett fulgt av Carl van den Boom på 78 lag. Imponerande! Klasse A vart vunnen av Kjartan Øvsthus som heldt fram sigerstrenden frå i går. Gjekk på finfine 6 slag under sitt par og var med det suveren. Veldig god vinnarscore i klasse B også der Ingrid Laurhammer Fagnastøl gjekk 5 slag under sitt par. I klasse C var det berre ein som fullførte og det var Sondre M Hovland. Vel og merke med ein knallrunde på 15 slag under sitt par. Voss Golfklubb takkar alle deltakarane for ei strålande vossameisterkspshelg og ynskjer velkomen tilbake ved seinare høve.

 

Klasse 0

 

Klasse A

 

Klasse B

 

Klasse C

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no