VM-helg – Seimen Open

Då var to innhaldsrike dagar over på golfbana. Laurdag og søndag vart det arrangert vossameisterskap Seimen Open i fantastisk sommarvêr på ei fantastisk bane. Påmeldinga var også særs god. Spesielt laurdagen då heile 56 spelarar var med og fleire var det faktisk ikkje plass til.

Hovudsponsor Seimen stod for det som utan tvil er sesongens største premiebord til ein samla verdi av rundt 20.000 kr! Størstedelen av premaine gjekk ut i parkonkurransen laurdag og i tillegg til premiering for dei beste laga var det også closest to pin, longest drive og trøystepremier å hente. Hovudprmenien vart uttrekt på scorekort.

 

Laurdag var det som sagt parturnering med heile 28 lag. Det var strålande sol og opp mot 25 varmegrader så her var det ingen som sakna sydenreiser for å seie det sånn. Vinnarane vart Øvsthusane Kjartan og Hanne Lin. Dei gjekk på heile 15 slag under par, noko som heilt klart må være i nærleiken av rekord for denne type konkurransar her på Voss. Også ein god score på 2.plass med -11 for Sigve Brunborg og Olav Østerbø Jansen. Turneringa gjekk over 9 hol fourball og 9 hol foursome. Etterpå var det premieutdeling der Dagleg Leiar Eirik Draugsvoll Seim i Byggevarehuset Seimen delte ut dei flotte premiane. Eirik var sjølv med i konkurransen og havna på ein hederleg 21.plass i lag med spelpartnar Gunnar Opkvitne. Fulle resultatlister frå denne konkurransen finn du på våre resultatsider HER, eller i golfbox.

 

Søndag var det singelturnering med 35 startande. Her vart det konkurrert i fire forskjellige klassar ut i frå handicapet til spelarane. I løpet av natta og morgontimane fekk bana vår sårt tiltrengt vatning frå oven så om ikkje speleforholda allereie var gode så vart dei no tilnerma perfekte. Dette viste seg igjen på scorane. I klasse 0 som spelte på bruttoslag, var Jonny Merkesdal best på 77 slag. Tett fulgt av Carl van den Boom på 78. To meget gode scorar. I klasse A tok Kjartan Øvsthus sin andre siger for helga med ein veldig god runde på 6 slag under sitt hcp. I klasse B spelte Ingrid Laurhammer Fagnastøl på heile 5 slag under sitt hcp og vann. I klasse C klinka Sondre M Hovland til med 15 slag under sitt hcp og vann sjølvsagt denne klassen. Fulle resultatlister frå denne konkurransen finn du på våre resultatsider HER, eller i golfbox. Voss Golfklubb takkar alle innvolverte denne helga for god innsats og ikkje minst Byggevarehuset Seimen for dei flotte premiane. Me gler oss allereie til neste år!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no