Resultat Superrunde 8

Då var Superrunde nummer 8 ferdigspelt og dermed også vårsesongen av den klassiske turneringsserien. Veldig god deltaking i denne siste runden også med nesten 40 spelarar. Me går først gjennom dei forskjellige klassane og så samanlagtlista til slutt.

I denne siste runden var den beste scoren heile -9 og tilhøyrde Torkjel Bystøl, som dermed også vann klasse E ganske klart. Maria Vestrheim hadde dagens nest beste score på -4 og det heldt til siger i klasse C. Mikkel Sætre Svartveit gjekk på +8 og vann klasse D. I klasse B vann Oddvar Martin Jansen på -2. I klasse A var det meget jamnt og både Ståle Øverland og Nils Bjarne ommedal gjekk på -2. Sistnemnte vann klassen på lågare hcp. Alle resultat frå kvar klasse kan du sjå under.

 

Klasse A

 

Klasse B

 

Klasse C

 

Klasse D

 

Klasse E

 

Så over til samanlagtlista. Sondre M Hovland tok tidlege leiinga denne våren og held forspranget heilt inn. Han vann med 122 poeng og bak han fulgte Therese Grevle Lid med 105 poeng. Tredjeplassen gjekk til Steinar på 97 poeng. Under kan de sjå topp 25 denne våren. Me gratulerar Sondre med sigeren og til hausten vert det åtte nye superrundesjansar for alle.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no