Nesten 30 på VTG-kurs!

Laurdag og søndag hadde klubben kurs i Vegen Til Golf. Heile 29 deltakarar var med og mange av dei vart også nye medlemmar på dagen. Dei alle fleste av deltakarane var også under 20 år. Dette er fantastisk morro for ein veksande klubb. Me har framleis plass til mange medlemmer og de kan gå inn under medlemskap for å sjå litt om våre tilbod. Neste VTG-kurs er planlagt 9., 10. og 12. august kl. 1700-2100. Kontakt oss på klubb@vossgolf.noeller ring Glenn Hovland Tlf 992 13197 / Sunniva Horvei Tlf  926 18321 for informasjon og påmelding til kurs.

Me ynskjer alle nye medlemmar hjarteleg velkomne og ikkje minst rettar me stor takk til dei som bidrog i helga for at det blei eit godt kurs. Med Gro i kiosken og Alvar, Terje, Rune, Olav J, Arne Ove og Kjartan som instrukstørar gjekk dette som smurt. Litt bilder frå dagen kan de sjå under.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no