Ingeborg med 4.plass i lag-NMjr

Ingeborg Hovland deltok for ei god veka sidan på lag-NM for junior på Kjekstad Golfklubb. I mangel på andre juniorar frå Voss deltok ho i lag med Julie Ulvenes Kleppe frå Sotra GK. Dette gjorde dei også i fjor.

I årets utgåve av lag-NM var det med åtte lag. Turneringa starta med fourball tidlig på morgonen onsdag. Her var jenten litt for unøyaktige i puttinga og difor vart det ein 85-runde noko som dei følte var litt dårlig betalt etter godt spel, men som sagt så var dei ikkje så fornøgd med puttinga. Dette tok dei kraftig igjen på bestball seinare på dagen. Her scora jentene 68 som var den nest beste scoren av alle lag i denne runden. Berre slått av suverene Vestfold GK. Ein lang dag med 2 x 18 hol var altså over.

Siste dag var det singelrundar og her scora Ingeborg +18 og Julie +17. Igjen veldig fine scorar som til slutt gav dei ein flott 4.plass. Og ikkje minst fekk dei ei ny god og morosam oppleving i konkurranse med andre jamnaldringar. Resultatliste finn de nedesrst i denne artikkelen.

 

 

 

 

 

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no