Siger for damene på senior-NM for lag!

Damelaget til Voss Golfklubb var ikkje snauare enn at dei gjekk heim og vann NM-senior for lag 2.divisjon Vest denne helga. På Voss sitt lag spelte Ingrid Laurhammer Fagnastøl, Gunnvor Rogne Nilsen, Maria Vestrheim og Randi Espeland Østvik. Desse fire fekk ein samla score på +78 og var dermed langt framfor Sandnes som vart nr. 2 på +112. Me gratuelrer damene med den flotte innsatsen og resultatliste kan du lese HER. Og dersom du har abonement på lokalavisa HORDALAND så kan du trykkje deg inn og lese om damene sin siger

Herrane stilte også lag og vart nr. 10. På laget spelte Svein Gjeraker, Torkjell Eskeland, Nils Bjarne Hommedal og Egil Østvik. Dei gjekk på +100 og full resultatliste finn du HER.

Me kjem tilbake med fleire bilete frå helga seinare 😉

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no