Smalahove-golfen 2021

I tradisjonen tru og som ei sjølvsagt hending på Voss så skal det arrangerast smalahovegolf-turnering med påfølgande middag (sjølvsagt smalahove på menyen 😉 ). I år var det ingen unntak og for ein flott annledning å kunne arrangera denne turneringa same dag som landet «åpna opp» igjen. Sjølv med mykje regn i framkant av laurdagen så gav dei verste bygene seg og alle fekk ein flott dag og kveld på golfbana. Det vart konkurrert i fem klassar der tre av klassane spela 18 hol (slaggolf) og to av klassane spela 9 hol (stableford).

For dei som spelte 18 hol så var det i klasse B Gunnvor Rogne Nilsen frå Voss som vann. Ho tok sigeren med ei score på par. I klasse C vart vinnaren Per Inge Sørensen frå Haugesund. Han gjekk ein svært impoenrande runde på -9. Dagens beste score. I klasse C tok Glenn Ove Hovland frå Voss sigeren. Han også med ein impoenrande runde på -4.

I dei to klassane der det vart spela 9 hol så vann Randolf Selvik frå Voss i klasse E. Han spela seg til +6p og var ganske soleklar vinnar her. I klasse F så var det jamnar og Kenneth Dalseide Etim tok sigeren med sine +4p. Me gratulerar alle vinnarane og håpar smalahovet smaka godt på middagen etterpå. Resultatlister og litt bilete for alle klassar ligg under.

 

Klasse B

 

Klasse C

 

Klasse D

 

Klasse E

 

Klasse F

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no