SUPERRUNDEN HAUST 2021

Siste runde vart spelt denne onsdagen og då har me endeleg fått ein samanlagtvinnar for haustens Superrunde. Det vart ingen ringare enn Mikkel Sætre Svartveit. Ungguten var soleklart best etter dei åtte rundane no i haust med ein samla poengsum på 143 poeng.  På andreplass kom Therese Grevle Lid med 118 og på tredje plass Terje Lid  på 111. Resultatliste for dei 25 første plassane finn du under.

I den siste og avsluttande runden var det litt færre enn vanleg som var med. Dette kan no skyldast eit saftig regnvær denne dagen, men all honør til dei 21 som stilte. Dei vanskelege speleforholda gjorde også mykje med scoren så dagens beste var Sondre M Hovland som gjekk på par og vann då også klasse B. Nest best var samanlagtvinnar Mikkel som gjekk på +1 og vann klasse D. Therese som også vart nummer 2 samanlagt vann klasse C. Ho også gjekk på +1. I klasse A var Rune Rogde best og i klasse E vann Jarle Vestrheim. Begge gjekk på +5. Til slutt må me nemna den gjeve uttrekspremien som vart vunne av Nils Istad. Han fekk dermed fritt spel neste sesong. Gratulerar! Og med det vil me takka for ein ny flott haust og vår med Superrunden. Me er sjøkvsagt tilbake neste år med denne flotte medlemsturneringa.

 

Samanlagtliste Superrunden Haust 2021

 

Resultat Superrunde 8

Klasse A

 

Klasse B

 

Klasse C

 

Klasse D

 

Klasse E

 

Puede ser una imagen de 2 personas y personas de piePuede ser una imagen de 2 personas, personas de pie e interior

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no