Opningsturnering og første Superrunde

Då var endeleg bana opna og dei første turneringane rullar avgarde. Laurdag var det klart for den tradisjonelle opningsturneringa. 39 spelarar her på den første turneringa var eit veldig godt oppmøte i vårsola. Det vart spelt i 3 klassar. Damer og herrar under 36 i hcp og ein klasse for dei over 36 i hcp. I kvinneklassen var det Ingrid Laurhammer Fagnastøl som stakk av med sigeren på +2 framfor Kirsten Hauge Rogne på +6. I herreklassen var Tore Brunborg best på -1, mens Alvar Fjellanger fulgte like bak på par. Det samme hadde også Arne Seim. I klassen for dei med over 36 i hcp var det to deltakarar og her vann Lise Christin Gjeraker framfor Hanne Lin Øvsthus. Resultatlister for dei tre klassane finn du ved å trykkje på DENNE lenkja.

Onsdags kveld var det kart for årets første Superrunde. 18 spelarar var kanskje litt mindre enn kva me håpa på her, men vêret må nok ta ein stor del av skylda for det relativt låge oppmøtet. Men for dei som var der så var det spel i tre klassar. Marius Lidsheim Almeland tok årets fyrste siger i klasse A på +3 framfor Nils Bjarne Hommedal på +5. I klasse B vann Morten Andersen på par framfor Kjetil Brusveen som også spelte på par. Dette var også dagens beste scorar og Morten vann klassen her sidan han hadde lågare hcp enn Kjetil. i dameklassen var det berre ein deltakar og Anns Gjeraker gjekk på finfine +4. Resultatliste for alle klassar finn de ved å trykkje på DENNE lenkja.

Bilete frå første Superrunde finn de ved å gå inn på vår medlemside på facebook HER.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no