Juniortreninga er i gang!

Då er me allereie i gang med juniortreningar og kvar torsdag frå 17-19 er det organiserte treningar. Det blir to grupper. 5-10 år og 10 år og oppover. Kvar trening har eitt eller to tema. Her øver me på lange slag på driving rangen, putting, chipping eller me går nokre hol på bana. Leik og hygge er også sjølvsagt viktig 🙂

Dette skal være ei lystbetont trening med stor takhøgde. Der vil seie at ein ikkje må være der i heile treningstida men kan komme seint eller reise tidlig ut i frå kva ein ynskjer. Men flott om alle som vil være med etter kvart kan melde seg inn i facebookgruppa knytt til juniortreninga og kommunisera via den.

Spørsmål om juniortreninga kan rettast til Stig Anders Hauge på facebook, mail, eller på tlf. 99510671.

Vel møtt på juniortrening 🙂

Is er obligatorisk etter kvar økt 🙂

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no