Klubbmeisterskap 2022

Då var årets KM unnagjort i varierande vêr, men med god deltaking og godt spel. Spesielt laurdag var veret veldig bra og då slo også Ingrid Laurhammer Fagnastøl til med ein hole in one på hol 5. Ikkje verst å sette den rett i koppen under klubbmeisterskapen. Årets klubbmeistrar vart som følgjer:

Herrer : Alvar Fjellanger

Damer : Ingeborg M Hovland

Senior herre : Egil Østvik

Senior damer : Ingrid Laurhammer Fagnastøl

Junior gut : Sondre M Hovland

Me hadde og ein eigen Stableford klasse der Olve Flage vart den suverene vinnaren.

Gratulerer til vinnarane. 🏆

Resultatlister for alle klassar finn de HER.

Unde kan de også sjå ein del bilete frå dagen og dersom de ynskjer fleire bilete kan de gå inn på klubben si facebookside.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no