Bruk av golfbil

Bruk av golfbil er populært. Dei fyrste åra etter baneåpning måtte ein ha legeerklæring for å få nytta golfbil på banen. No er den tilgjengeleg for alle, ung og gamal, både for dei spreke og dei med plagar.

Per i dag har me fem bilar for utleige. Ein anslår at ein bil slit like mykje på banen som 18 spelarar. Mykje uvettig køyring gjer slitasjen enno større. Difor må me ha nokre enkle reglar for korleis ein køyrer golfbil på banen.

Golfbilar er vanlig og ofte nødvendig, som i varme strøk i USA, eller syd i Europa, som til dømes i Spania. Om sumaren er det lågsesong for golf der, og då inngår ofte golfbil i ei greenfee-pakke.

Går ein attende 10-20 år så var det mange stader vanleg å køyra golfbil fritt på fairway. I dag har dei aller fleste baner eigne vegar for golfbilar langs med holet. Og kjøyrer du ut av vegen og inn på fairway vil du oppleve at golfbilen no er GPS-styrt, og stoggar. Då må du få bilen i revers og rygge attende på vegen.

Me har korkje vegar eller GPS-styring, og våre fairwayar er langt meir utsette for slitasje enn fairwayane i Spania. I Spania er det stort sett turt. Når det kjem regn så kjem det som oftast så mykje at det er uråd å spela. Og vatnet renn på overflata og ned i sluk. Her hjå oss kan det derimot regna litt i mange dager. Me har basert oss på at vatnet skal renna ned i dreneringsgrøfter. Difor ynskjer me ein porøs overflate. All køyring på fairway gjer at grunnen vert tettpakka og drenerer dårlegare. Over tid, fleire år, så går utviklingen ein veg; dårlegare og dårlegare drenering.

Dette kan sjølvsagt kompenserast med blandt anna rett gras, lufting og dressing med sand. Men det igjen kostar pengar og tid, og vert ikkje alltid prioritert.

Då er me attende til nokre enkle reglar for bruk av golfbil som gjer bruken av bil så skånsom som mulig for banen:

Bilen skal køyrast på veg der det finns veg. Då stoggar ein bilen på vegen og går for å slå ballen om det er på tee, fairway eller green.

Når det ikkje fins veg så skal ein køyre i klypt rough og ikkje på fairway. Her lyt ein køyre med vet og til dømes unngå våte og blaute parti. Nokre gongar må ein ut på fairway og kanskje også krysse fairway.

Ein skal aldri køyre ut av veg eller rough for å svinge opp mot tee eller green. Det er strengt forbode.

Og så må ein køyre roleg og avpasse fart og svinge etter forholdene.

Når det er våte forhold på banen kan me ikkje leige ut golfbil.

Og så er det også sjølvsagt andre vanlege regler: førar må vere fylt 18 år, kun to spelarar per bil (ingen får stå bakpå), og ein kan sjølvsagt ikkje nyta alkohol i samband med golf og golfbil.

Når ei gruppe nyttar golfbil så spelar ein kanskje fortere enn gruppen framom. Det vil gruppa framom merka seg, og dersom det er ledig hol foran dei, så skal dei sleppa raskare grupper gjennom. Det du ikkje skal gjere er å køyre inn gruppen foran ved å frese inn på tee når dei framom spelar. Ein skal halde sin plass på banen og ta omsyn til andre spelarar. Normert tid per ni hol er den same med eller utan bil. Det er ein god og forventa etikette.

Me ser mykje uvettig og idiotisk køyring med golfbil. Naturleg nok finnes det lite tradisjon og kompetanse på bruk av golfbil på våre trakter. Me ynskjer å gje eit tilbod om bruk av golfbil, men då betingar det at ein nyttar golfbil med vet og føl desse reglane som me har satt opp her (og dei er stort sett eins med reglar på andre baner).

Vår ambisjon er å både gje eit godt tilbod, men også å opparbeide god kvalitet på banen. Då lyt me spela på lag.

Me ynskjer deg ein god runde – både med og utan golfbil.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no