Narvesen Tour 6.august

Årets Narvesen Tour på Voss vart ein suksess med 47 spelarar til start frå 6 til 19 år. Voss golfklubb hadde med 7 spelarar. I klasse 16-19 vart det Hovland-suksess med siger til Ingeborg i jenteklassen. Ein 76-runde som inkluderte ein trippel-bogey er ikkje noko anna enn imponerande! I guteklassen tok bror Sondre sigeren på -5.

Mikkel Sætre Svartveit tok ein flott 4.plass på -6 i klassen mixed 13-15 år, berre to slag på sigeren. I klassen jenter 9-12 var det tre jenter frå Voss med. Susanna F.Hauge, Kjersti H. Kvamme og Astrid N. Hofseth gjekk 9 hol. I klassen 6-8 år gjekk Gunnar F. Hauge og Millian Gjersdal 5 hol. Eller dei gjekk jo ikkje! Dei kjørte jo golfbil! 😉

Turneringsgeneral Gaute losa alle trygt gjennom både før under og etter turneringa og alle spelarar og foreldre såg ut som dei var svært nøgde med dagen. Under kan de sjå ein del bilder frå turneringa og lenkjer til resultat finn de HER.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no