Treningar for store og små startar opp att mandag 21.august

Juniortreningar (0-19 år) startar opp igjen mandag kl 1700 og held på fram til haustferien. Det blir ein time med (frivillige) trening og så er det fritt etterpå kva ein vil gjere på, men trenarar vil være disponible.

Trening for alle andre i klubben blir frå kl 1800-2000 kvar mandag framover og ut september. Her vil det være øvingar ein kan gjere for å forbetre forskjellige fasar av spelet sitt. Det er gratis bruk av rangeballar i treningstida.

Treningane vil også kunne være ein del av VTG-kurs, som ein treng for å kunne spele golf, så her kan også dei som ikkje er medlemmer av klubben møte opp.

Vel møtt til trening!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no