Strondé-meisterskapen 2023

Det fyrste, men langt frå det siste Strondé-meisterskapen vart avholdt laurdag 30.september. 9 spelarar vart fordelt på 3 lag og det vart spelt 9-hols Texas Scramble med utrulig gode resultat. Som forventa vil jo mange seie når so mange strendingar sler seg i lag. Best av alle var trioen Alvar Fjellanger, Kjetil Brusveen og Leif Johan Skjervheim som spelte på par og med handicapet innrekna gjekk dei på -6. På andreplass klarte underteikna, Eirik Draugsvoll Seim og Roy Brusveen å oppnå scoren -5.7 noko som heldt til andre plass. Korleis me klarte å få denne scoren kan berre golfbox-ansvarleg Nils Bjarne Hommedal forklare 😉 Han gjekk i lag med Steinar Ure og Vegard Ulvund og dei oppnådde scoren -1,7 om eg ikkje hugsar heilt feil.

Resultat var derimot ikkje det viktigaste 😉 Etter turneringa var det sosial samling i klubbhuset med god drikke og Ryder Cup på TV. Premieutdeling høyrer jo også med og Monter Seimen stilte opp med flotte deltakarpremiar til alle og litt heider og ære med Seimen Golfballar til vinnarlaget. Desse ligg det forøvrig mange av i skogen rundt om på Nedkvitne kunne Eirik opplysa om så for dei som ynskjer slike er det berre å gå å leita 😉

Til slutt kan det også opplysast om at i godt lag og inspirert av Ryder Cup på TV så har strendingane funne ut at dei neste år vil utfordre eit anna lag av spelarar i golfklubben til ei matchturnering ala den me såg i Roma denne helga. Så får vi sjå om det er nokon som tørr å utfordre strendingane.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no