
Medlemsmøte 5.oktober
Medlemsmøte på Ringheimskafeen torsdag 5, okt. kl. 19.00.
Saker :
1 Oppsummering av året 2023
turneringer, drift av kafe, dugnader.
2 Trackman simulator.
3 Info frå banekomite, sjå vedlegg.
4 Spørsmål frå salen.
Det vert lett servering. (klubben betaler). Påmelding må gjerast HER dersom ein ynskjer mat og påmeldinga må være gjort innan 4.oktober kl 12.
mvh
Klubbstyret
Vedlegg:
Banekomitéen orienterar
No som hausten kjem er det tid for å reflektera og bedømma det som er gjort på banen i år. Vi har og ein plan på kva som skal skje framover i vinter og vår, og på noko lenger sikt.
Me har sett opp følgjande punkt me ønskjer å orientera om og gjerne ha ein dialog kring:
- Kva har banekomiteen, med god støtte frå “*grasgutane”, bidrege med i år?
- Korleis bedømmer me status på banen i 2023?
- Har me aktivitetar for kommande vinter og vår?
- Kva kan vera aktuelle tiltak på banen for sesongen 2024?
- Og ein liten forsmak på kva ein langtidsplan kan innehalde
Og så vil me orientera om korleis me ønskjer å arbeida med aktivitetar for banen:
- Korleis me jobbar frå idé til godkjent tiltak, gjennomføring og evaluering i ettertid?
- Korleis skal me prioritera når me har klare avgrensingar på pengebruk?
- Prinsipp me ønskjer å etterleve
- Vi ønskjer god kommunikasjon, openheit og godt samarbeid. Korleis kan me få det til?
Ofte når me diskuterer tiltak må me sjekka av mot desse to spørsmåla:
- Kva er eit godt golfhol? og
- Kva er ein god bane?
Me skal prøva å gi nokre svar på det innimellom. Me ønskjer innspel og tilbakemeldingar på alt kring banen. Kanskje får me reaksjonar allereie no på medlemsmøtet – men det viktigaste er korleis me kan ha ein god dialog mellom komiteen og medlemmene gjennom heile året