Oppdateringar av heimesida

Som de sikkert har fått med dykk så har det ikkje vore så mange oppdateringar på nyhende her på heimesida på ei stund. Grunnen til dette er at underteikna har vore særs opptatt med å halde VTG-kurs for nærare 100 spelarar så langt i sesongen og då strekk ikkje tida til for å oppdatere heimesida.

Me har også hatt møte med Voss Kommunikasjon og dei skal i desse tider gjere ein liten makeover på heimesida. Ikkje dei store endringane, men litt nytt skal inn og litt gamalt skal ut. Håpar at dette er klart i løpet av sommaren.

Dersom nokon har ynskje om meir aktivitet på heimesida og har lyst å ta ansvar for dette så berre send ein mail til post@vossgolf.no eller skriv ei melding til underteikna på 99510671.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no