
VTG-kurs hausten 2025
Det har vore mange henvendelsar anngåande VTG i sommar og det er kjekt at mange har lyst å begynne å spele golf. I vår har det vore eit enormt trykk og over 100 som har tatt kurs. Dette slit på alle dei som må jobbe dugnad for å halde kursa.
Planen for hausten er at VTG kan takast på treningane på mandagar kl 18-20. Det vert forventa at ein møter på 3-4 sånne treningar før ein eventuelt får kurset godkjent. Fyrste trening vert i utgangspunktet mandag 11.august og held fram utover hausten fram til siste mandagen i september.
Utover dette har me ikkje planlagt nokon kurs, men følg med på heimesida eller facebook for oppdatert informasjon. Svar på SMS og e-post anngåande VTG vert ikkje prioritert sidan innformasjoen vert å finne på facebook og heimesida.