
Èin månad igjen til Seimen Cup!
6.september arrangeres Seimen Cup. Det er andre år denne turneringa går av stabelen og utanom resultatet må ein vel seie at fjorårets turnering var ein suksess!
Dette er ei turnering i Ryder Cup ånd der eit lag frå Vossestrand utfordrar resten av heradet til dyst. Dette vil ikkje seia at folk utafor heradsgrensene ikkje er velkomne. I år gjer me det slik at ein melder seg på via golfbox HER, og så vert laga fordelt når me ser kven som melder seg på. No er det sjølvsagt slik at visse etternamn og adresser glir rett inn på Strondé sitt lag, men om ein har heilt klare preferansar for kva lag ein vil spela på så vil me at ein sender ei melding til klubb@vossgolf.no innan 1.september. Hovudsponsor Seimen AS vil gje ein liten premie til den som begrunnar best kvifor han/ho bør få spele på Strondé sitt lag 😉
Det vert også moglegheiter for dei som ynskjer det å berre spele ein runde på 9 hol. Ein treng altså ikkje være med på begge rundane denne dagen. For dei dette gjeld så ynskje med også at de gjev beskjed om dette til klubb@vossgolf.no innan 1.september.
I fjor spelte me 3 rundar på ein dag, men i år vil det verta spelt berre to. Dette for at det ikkje skal bli for heseblesande og det skal være litt tid til hygge samt rotasjon av spelpartnarar. Grillmat er inkludert i påmeldingsavgifta.
Det vert spelt foursome på runde 1 og så blir nok fourball som var i fjor bytta ut med Scramble/bestball på runde nummer 2. I fjor vart det spelt med 80% hcp, men dette kan fort bli endra til 100% hcp i år sidan det viste seg at fjoråret hadde blitt mykje meir spanande og bikka endå meir i Strondé sin favør med 100% hcp 😉 Alle kan være med uansett hcp-nivå, men maks hcp for kvar spelar vert 36. Kva tee-ar som vert nytta er framleis litt uvisst. I fjor brukte me 52 for menn og 44 for kvinner og det kan godt henda det blir sik i år også.
Det viktigaste er uansett no at folk melder seg på og sjølv om me ventar mange gode begrunningar for at akkurat DU vil vil spele for Strondé så kan me sjølvsagt ikkje innfri alle ynskjer 😉