Klubbtrening og VTG-kurs på mandagar

Mandag 11.august startar me opp igjen med klubbtreningar. Nytt av året vert også at kvar einaste mandag fram til slutten av august så vert det arrangert VTG-kurs. Det vil seie at etter at ein har vore på 3-4 mandagar så vil ein kunne fullføre VTG-kurset.

Juniortreninga startar kl 17. Me held på i ca. ein time med forskjellige øvingar eller spel på bane. Dersom ein ynskjer å halde på lenger enn ein time så kan ein sjølvsagt gjere det. Juniortrening er for barn i aldersgruppa 0-16 år og er sjølvsagt gratis for alle medlemmar av Voss Golfklubb.

Kl 18 og vidare utover kvelden er det klubbtrening. Her kan alle uansett alder komme innom og få tips til og være med på gode øvingar for å forbetre golfspelet sitt. Opplegget er gratis for alle som er medlem av Voss Golfklubb.

Dei som vil ta VTG er med på treningane og ut ifrå kva progresjon ein viser og kor lang tid ein er på treningane så vil ein etterkvart få tilbod om å gå 4 hol med ein medlem og dermed ha fullført VTG-kurset. Info om prisar for kurset og teoriprøven som må gjerast digitalt vil ein få på fyrste trening som ein møter opp på.

Vel møtt!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no