
Oppdatering Seimen Cup
Informasjon til dei som skal spele eller vil spele Seimen Cup laurdag 6.september.
Påmeldinga til Scramble med start kl 10 er full. Kan kontakte meg på messanger eller tlf 99510671 dersom du ynskjer å spele Scramble. Me kan kanskje pressa inn nokre fleire dersom det passar inn i forhold til antal. Framleis plassar på fourball kl 14 dersom nokon ynskjer å være med der. Påmelding i golbox. Påmeldingsavgift på 250 (inkluderar mat) er den same uansett om ein spelar begge rundar eller berre ein av dei. Premie til alle på vinnarlaget.
Premiering også for beste scrambleduo og beste fourballduo i tillegg til closest to pin (x2 – både på hol 3 og 5) og longest drive. Framleis mogleg å vinne premie for beste forklaring til å spele på Strondé sitt lag 😉 Strondé manglar framleis nokon få spelarar så for dei som vil spele på Strondé, send meg ei melding på facebook eller telefon. Treng ikkje skrive ei forklaring, men kan altso vinna premeie for god forklaring 😉
Det er ekstremt viktig at ein melder frå så fort ein kan dersom ein ikkje kan være med slik at me kan jobbe med å få inn ein erstattar. Det vil gå veldig ut over laget dersom ein ikkje gjev beskjed. Meld av i golfbox eller helst send ei melding til messanger eller telefon meldt over
Dersom nokon vil spele i lag så må de gje beskjed skriftleg (messanger) om dette til kapteinane. Even Børve på Heradet og Sig Anders Hauge på Stronde.
Dette blir morro! 🙂