Strondé-siger i SEIMEN CUP 2025

Vossagolfen sitt svar på Ryder Cup vart avholdt laurdag 6.september og i år var det «endelig» strendingane sin tur til å lyfte pokalen.

OBS! OBS! Me gjer dykk merksame på at forfattaren av denne artikkelen med dette vann sin fyrste golfsiger sidan Jon Klyves Pokal i 1999.

Eirik måtte ta ein finpuss på pokalen som hadde støva ned i løpet av året

I forkant av turneringa var det mykje informasjon deltakarne måtte setta seg inn gjennom fleire kanalar. Matchtrekninga på facebook var kanskje i eit litt anna format enn kva ein var vante med og dermed vart golfboks tidene ikkje klare før seint fredags kveld. Alikevel så var nesten alle 40 på plass til scramblematchen på morgonen og på fourballen på ettermiddagen var alle på plass slik at me fekk 10 fullverdige fourballmatchar. Ove Magne gjorde ein utrettelig innsats for å få scorekorta rett på begge rundar, men golfbox var ikkje heilt forma i dette Ryder Cup formatet som me spelar her på Voss. Alikevel vart dette meir enn godt nok for spelarane som også vart testa i hovudrekning.

Det er nok mykje å skriva om dei matchane som blei spelt utpå det grøne graset på Nedkvitne denne laurdagen og skulle alle dei fantastiske tinga som ein fekk høyra om nedskirvast her så hadde det blitt ei lang bok. Me hoppar difor elegant over til det som i utgangspunktet var det viktigaste og det var matchen mellom Strondé og Heradet. Vel og merke eit Strondé med mange innflogne hjelparar, men sånn må det no bli når det skal være 20 spelarar på kvart lag.

God steming på premieutdelinga. Foto: John Ove Thaule

Sjølv om underteikna ikkje bidrog så mykje så viste det seg fort at dette var Strondé sin dag. Etter Scramble var stilling 7-3 og til slutt viste tavla 12,5 mot 7,5 og dermed kom pokalen heim til Strondé. Nytt av året var at ein også delte ut ein del individuelle premiar og igjen måtte hovudrekninga til pers. Flotte premiar frå hovudsponsor Seimen AS vart delt ut til spelarar frå både Strondé og Heradet. Til slutt fekk stredningane etter eitt års ventetid endelig lyfta bøtta som viser at dei no kan smykka seg med tittelen som vinnarar av Seimen Cup 2025. Dette kan ein smykka seg med i eit heilt år no framover til me alle møtes igjen til neste års Seimen Cup.

Glade strendingar med beviset på at dei er vinnarar av Seimen Cup 2025. Foto: John Ove Thaule

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no