Undervisning

Vegen til golf kurs:

For å kunne spela golf åleine på ein golfbane, enten det er på heimebanen på Voss, eller andre banar i Noreg og i utlandet må du ha gjennomgått kurset «Vegen til Golf». Meir informasjon om dette kurset finn du HER.

Personlig undervisning i golf:

For informasjon om personlig undervisning, kontakt klubben på klubb@vossgolf.no.

Vidare så tilbyr me forskjellige opplegg for firma og andre grupper:
  • De kan velga eit arrangement kor de får ein uformell introduksjon til golf kombinert med god mat og drikke på klubbhuset, og kor me har instruktørar som viser dei vesentlege grepa, og gjerne avsluttar med ein enkel putte- eller driving range konkurranse.
  • Dersom de vil bruke litt meir tid på golf, og ha ein instruktør pr. 3-4 deltakarar så kan de få litt meir ut av det sportslege, samtidig som me her og kombinerar golfen med hyggelig samkome for firma og vennegjengar, med god mat og drikke. Med dette opplegget kan dei som eventuelt ynskjer å fortsette med «Vegen til Golf» kurset få dette godkjent som den fyrste av tre dagar.​​​​​​​​​​​​​
  • Og dersom firma eller andre grupper ynskjer å gå rett på sak, og melde dykk på eit «VTG» kurs så kan me arrangere dette slik at de får eit eige kurs med kun kollegaene, vennegjengen eller nabolaget. Sjå informasjon om VTG under «KLUBB» og kontakt oss for gunstige gruppeprisar.

Meir informasjon om pakkene med golf, mat og drikke finn du under Gruppe arrangement, og kontakt oss gjerne på e-mail post@vossgolf.no om de har ytterligare spørsmål.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no