Turneringar

Gjennom sesongen arrangerer me ein rekke turneringar på golfbanen på Voss, frå tidlig i mai, til ut i oktober. Lokale, nasjonale, nokre som går gjennom heile sesongen, og nokre som er overstått på ein dag… Nokre som me har hatt sidan starten, andre som begynner å bli tradisjon, og nokre som er heilt nye.

All tilgjengeleg informasjon om turneringar på banen finn du her i Terminliste. Her kan du melde deg på, gjere endringar og/eller betale turneringsavgifta om du vil. Det er også mogleg å betale ved oppmøte dersom ikkje anna informasjon er gitt i Golfbox.

Turneringskomiteen er ansvarleg for utarbeiding av regelverk for turneringane. Lokale reglar kan variere ut i frå tilhøva på banen og vert opplyst om før kvar turnering. Fristar for på- og avmelding til turneringane må overhaldast. For spørsmål, ta kontakt med turneringskomiteen på: turnering@vossgolf.no, eller leder turneringskomite Nils Bjarne Hommedal, tlf 911 50592, nilsbjarnehommedal@yahoo.no.

Me har mange turneringar, og enkelte av dei kan berre gjennomførast på Voss:

 

Smalahovegolf er ein golfturnering etterfulgt av smalahovemiddag på klubbhuset, som me har hatt sidan banen var ny, og som vert arrangert i september kvart år. Med Smalahovetunet som nabo rett over vatnet så sikrar det kvalitet i alle ledd!

Ski og Golf NM er av nyare dato, med første arrangement i 2017.

Turneringen startar med alpint i Myrkdalen, kor ein tar med seg poeng til golf på Voss Golfbaner etterfølgende dag.

Dette har blitt eit veldig populært arrangement, og alt tydet på at dette vert ein årlig foreteelse i ei bygd som kan by på ein slik kombinasjon av sommar- og vinter idrett. Arrangementet har si eige heimeside som du finn HER.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no