Ski & Golf NM 2019

SISTE: SKI & GOLF NM 2019 ER DESSVERRE AVLYST. 

Værforholda gjer at forholda på golfbanen er strålande, men dessverre også at snøen i alpinløypene har smelta ekstremt mykje dei siste vekene, og me har difor saman med Myrkdalen konkludert med at det ikkje er mulig å avvikla skirenn der 25.mai. Alternative løyper har blitt vurdert, men den ekstreme snøsmeltingen har gjort at det ikkje fins noko fullgodt alternativ. Me håpar å komma sterkare tilbake i 2010!

Ski & Golf NM nærmar seg, driving range er åpen, og ute på banen spirar og gror det, med vatning av greenar som har komme godt ut av vinteren🌱 Samtidig så ligg fremdeles snøen fint i alpinløypene, som de ser i bakgrunnen, så alt ligg til rette for eit strålande Ski & Golf NM også i år!⛷🏌️‍♂️

Men påmeldingsfristen nermar seg, så alle som vil vera med på vårens vakraste eventyr med storslalåm i snørike Myrkdalen, og golf på flotte Voss Golfbaner ved Lønavatnet må nå kjenna si besøkelsestid, og gå inn på GolfBox og melda seg på innan 29.APRIL KL.1700!💻 Fristen er ein del tidligare enn for andre turneringar, noko som spesielt heng saman med at Myrkdalen må ha nokre veker for å klargjera alt som trengs med hotell, og skiløyper for eit godt alpin arrangement⛷

Så hvis du har planar om å delta; Gå inn på arrangementets heimeside Ski & Golf NM 2019 for meir informasjon, og vidare til GolfBox for påmelding. Vi håpar på god oppslutning om dette unike arrangementet, og ser fram til å ønska deg velkommen til vene Voss 24-26.MAI!⛷🏌️‍♂️⛳️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no