Narvesen Tour 2019
Så har vi bak oss ein vellykka Narvesen Tour 2019 med 43 deltakarar, og oppvarmingsturnering dagen før, kor ein fin blanding av deltakarar, foreldre og medlemmer i Voss Golfklubb deltok. Begge dagar med velkomne skyer som svala oss ned på formiddagen, før dei trekte seg tilbake, og varmen vart ein utfordring utover dagen.
Det var glade unge og familier å sjå over alt, ein kjempeinnsats frå alle deltakarar, og kafeen solgte 172 is i løpet av helga. Fotografen gjorde sitt beste for å fanga litt av inntrykka inn på kamera, så nedenfor litt bildet av mange glade ungdommar ute på ein golfbane i kjempegod stand:
Resultatlister frå oppvarmingsturneringen ligg på resultatsidene våre HER, og fullstendige resultat frå Narvesen Tour 2019 ligg HER. Dessverre gjorde frafall i siste liten at Voss GK sin deltagelse vart redusert frå 3 til 1 deltakar, men vi kjem sterkare igjen til neste år!
Vi avsluttar med eit samlebilde frå premieutdelingen, takkar for deltakelsen i år, og ønsker alle velkommen tilbake til Voss!
Helge 4/8-19