Jolegåver på golfbanen🏌️‍♀️🎁

Jola nærmar seg, og me er igjen klar for julehandel på golfbanen, med fantastiske tilbod!🎅

Som vanlig har Golfheftet jolekampanje, kor du ved kjøp av 2 hefter får med ei ekstra gåve🎄; Golfhanske, golfsokkar, eller golfhåndkle etter eige valg🏌️‍♀️ Så då kan du kjøpa eit hefte/kort til deg sjølv, og eit hefte med ei flott ekstragåve som du kan gi bort i jolepresang🎁

I tillegg gjentas fjorårets Black Friday, kor du i perioden 25.nov til 1.des ved kjøp av Golfheftet 2020 får med Golfheftet PLUS verdt kr.199 på kjøpet. Og ikkje minst; desse to kampanjene kan kombinerast, slik at du den veka kan kjøpa 2 stk Golfheftet til kr.495 pr stk, og få med BÅDE gratis PLUS på begge korta, OG ei gåve ved kjøp av to kort🎁🏌️‍♂️

Ut over dette så har me som tidligare år masse flotte gåver til gode prisar:

  • ⛳️Greenfee 18 hol kr.300,- (gyldig alle dagar).
  • ⛳️Greenfee 9 hol kr.200,- (gyldig alle dagar).
  • ⛳️Treningstimar 9 stk kr.800,-.
  • ⛳️Driving range 10 klipp kr.180,-.
  • ⛳️Golfheftet 2020 kr.495,- (gratis gåve ved kjøp av 2 kort).
  • ⛳️Voss Golf logoballar, logoskjorter og logocaps til 20% rabatt.

Golfheftet sin jolekampanje, samt dei øvrige jolegåvene me har til salgs kan kjøpast på klubbhuset til fylgjande tider:

🎅 Søndag 1.des kl.1500-1700

🎅 Søndag 8.des kl.1500-1700

🎅 Lørdag 14.des kl.1800-2000 (jolemiddag/klubbkveld)

I tillegg kan du bestilla på SMS 957 19948, eller post@vossgolf.no, og betala på Vipps, og så sørger me for sending/henting/levering uten tillegg i prisen📬

Men obs! Black Friday kampanje kort kan kun kjøpast på klubbhuset 1.des., eller ved bestilling på SMS / mail 25.nov-1.des, og betaling på Vipps!🏌️‍♀️

Så kom innom golfbanen og gjer ein god jolehandel desse dagane, og som eit ekstra lokkemiddel har underteikna gratis vafler og kaffi til dei handlande så lenge lageret rekk🥞☕️ Velkommen!🏌️‍♂️⛳️

Helge 22/11-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no