Jolemiddag på golfbanen🎄🏌️‍♀️

Vi har igjen gleden av å invitera til vår årlige klubbkveld med påfølgende jolemiddag lørdag 14.des. kl.1900🏌️‍♀️ Og det er ingen behov for vorspiel; Simulatorane er blokkert for andre, og baren er åpen frå kl.1700, og alle er velkomne til å komma og prøva seg på simulatorane🏌️‍♀️, ta seg ein øl eller anna🍻, og drøyma seg vekk til golf på sydligare breddegrader i haustmørket!🌴🏌️‍♂️

Det vil deretter bli generell informasjon frå klubben, og mingling og småprat fram til ca kl.2000, når det vert servert pinnekjøt frå Smalahovetunet, tilberedt av vår eminente sjefskokk på Park😋


Det vil heile kvelden bli mulighet for kjøp av julegåver til gode prisar, som Golfheftet 2020, gåvekort for greenfee, trening, og driving range, samt Voss Golf logo produkt; skjorter, caps og golfballar til 20% rabatt!🎁

Etter middagen vert det uformelt spel på simulatorane for alle som har lyst å prøva🏌️‍♂️, og ellers ein kjekk førjolskveld med fine folk på Nedkvitne🎄🏌️‍♀️

Påmelding i GolfBox HER, eller eventuelt ring/SMS Gaute på 907 24977 for påmelding. Du er velkommen til å ta med ektefelle og sambu, eller andre som kan ha interesse av å høyra kva golf er⛳️

Velkommen til ein kjekk førjolskveld på golfbanen!🎄🏌️‍♀️🍻🏌️‍♂️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no