Åpningsdagen 18/4 2020⛳️

I dag var det berre ein heilt fantastisk dag å heisa opp flagga, og erklæra golfbanen åpen for sesongen! Strålande sol, ein bane i utrulig god stand, og blide medlemmer og gjestespelarar over alt! Me har gjort alt me kan for å overhalda Corona bestemmelsane som er ein forutsetning for at me fekk åpna banen, og samtlige spelarar fulgte desse til punkt og prikke!


Ekstra hyggelig var det at lokalavisa Hordaland var med på åpningen, og laga ein flott reportasje frå åpningsdagen, og fekk ein runde på banen med Sunniva, Andreas, Alvar og Marius. Reportasjon ligg HER for abonnentar av avisa.


Med været som er meldt framover så vil banen bli betre for kvar dag, og me regnar med at mange medlemmer og gjester tek turen på banen. Me er difor bemanna på klubbhuset i ei kjernetid kl.1200-1300 på kvardagar, og kl.1100-1300 i helgene. Hvis det er behov så utvidar me desse tidene, og klubbhus er åpent kvar dag kl.0900 til 1900 med automatar for kjøp av polettar, kaffi, brus og snacks.


To siste foto: Marita Saue Hamre, Avisa Hordaland

Me gler oss til fortsettelsen av sesongen 2020, og ønsker alle medlemmer og gjester velkommen til oss på Voss Golfbaner!🏌️‍♀️⛳️🏌️‍♂️

Helge 18/4-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no