Golfbanen åpnar 18.april⛳️

Vægudane har som vanlig vore snillare med Voss enn YR melder, me har unngått nokon særlig oppbløyting av banen dei to siste dagane med nedbør, og har framfor oss ein lang periode med strålande værmelding. Banen er difor i uvanlig god stand for tida på året, og me har allerede i dag bestemt oss for å åpna golfbanen lørdag 18.april kl.1200!

Me gjer oppmerksom på at Corona bestemmelsane som de finn HER skal overhaldast, både fordi dette er ein klar forutsetning for at golfbanane no får åpna, og ikkje minst for vår eigen sikkerhet!

Klubbhuset er åpent kvar dag frå kl.0900 til 1900 for kjøp av polettar, kaffi, og snacks frå automat. Pro shop og kafe er dei første to vekene bemanna frå kl.1100 til 1300 i helgene, og 1200 til 1300 på vekedagane for kjøp av nødvendig utstyr, betaling av bagbod etc. Bemanning av klubbhus vert utvida når me ser at det er behov for det.

Velkommen til ein ny sesong på Voss Golf!

Helge 15/4-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no