Vegen til Golf kurs⛳️

Årets første VTG kurs vart i kveld avslutta, med 20 fornøyde deltakarar, som etter 3 kvelder med uformelt kurs uten nokon form for test eller oppspeling no er klar for å spela golf på banen vår, resten av Norge, og etter kvart vidare ut i verda🏌️‍♀️🏌️‍♂️

Dette kurset vart fullbooka, då me måtte sei stopp ved 20 deltakarar, og det er difor bestemt å arrangera eit ekstrakurs på golfbanen på Nedkvitne med start man 11.mai kl.1700🏌️‍♂️ Her er det fremdeles nokre ledige plassar, så hvis du ønsker å prøva ein kjekk aktivitet heime og på ferie utover sommaren, så er du velkommen til å melda deg på!😊

Kurset er i trygge former med grupper på 4 elevar og 1 instruktør frå klubben, og gjerne slik at ein familie er i lag i ei gruppe. Golf er for alle, frå dei yngste til langt opp i 80- og 90-åra, og sidan me spesielt ynskjer å få med dei yngste så tek me heile kostnaden for desse, og tilbyr gratis kurs for alle til og med 14 år⛳️

Gå inn og få meir informasjon på heimesida vår HER, og kontakt oss for å bli med på ein kjekk aktivitet som passar for alle!🏌️‍♀️⛳️🏌️‍♂️


Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no