Dugnad og diverse🏌️‍♂️

DUGNAD:

Det har i år ikkje vore nokon stor fellesdugnad, men fleire som har gjort ein strålande innsats i grupper både på banen, klubbhuset, og utvask av Equinor hytter. Me treng no hjelp av minimum 11 personar til å vera med og jevna ut grus på vegane på golfbanen; Det vert 3 traktorar som køyrer ut grus, og me treng 3 personar til kvar traktor, og 2 til å køyra Gator for finpuss rundt omkring.

Så ta med rive og grafse, og møt opp på banen torsdag 14.mai kl.1700. Hvis me får desse 11  folka me treng så får me raskt og effektivt ordna opp i vegane som heilt klart treng utbedring Det er også generelt behov for hjelp til fjerning av tre og pas på banen, så hvis du har ledig tid og kan bidra andre dagaar, kontakt Frode på tlf 930 47652.

REGISTRER SPEL PÅ BANEN:

Alt spel på banen skal registrerast i Golfbox, og spelaren sin status skal vera avklart før ein går ut: Hvis du ikkje har fritt spel på golfbanen så skal greenfee betalast før du går ut, og hvis du har greenfee billett eller gåvekort så skal dette fyllast ut og leverast inn før spel. Hvis banen er ubemanna så skal dette leggast i postkassa ved inngangsdøra, merka «Greeenfee».

Einaste unntak er «Ta med en venn» ordningen, som no vil bli gjeninnført etter eit års pause, men ellers fins det ikkje noko opplegg som åpnar opp for spel på banen uten betalt greenfee. Me kjem tilbake med meir informasjon om «Ta med en venn» når alt er klart i neste veke.

BAGBODER:

Det er fremdeles ein del som ikkje har betalt for bagbodene for sesongen, og me vil be om at dette vert gjort snarast ved betaling i kassen. Pass på at du vert kryssa av i bagbod permen ved betaling, og hugs at alle golfbagar i buene skal vera merka med navn.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no